Velkommen til julemøte
Solveig hadde laga deilig gløgg til oss etter Ingrid Espelid Hovik si oppskrift
Gløgg.
---------
3 dl solbærsaft
4 dl vatn
1 bit heil kanel
4 stk kryddernellik
1 bit heil ingefær
1 fl (3,5 dl) eplemost
1 dl rosiner
1/2 dl skålda mandlar
Varm solbærsaft og vatn saman med krydderet.
Ha i mandlar og rosiner.
La det trekke i 10-15 min.
Bland i eplemost like før servering
Vi starta møtet med gjettekonkurranse.
Kor mange trådsneller har Kitty tømt?
Det var umulig å telle, og det var mange ulike svar.
Men kven kan klare å gjette at det er 85 tomme trådsneller i glaset.
Den som gjetta nærast fekk ein boks med (fulle) trådsneller i premie.
Kva anna kunne premien være.
Kveldens aktivitet var fletta stoffjulehjerter, og alle gjekk laus på oppgava med liv og lyst
Men kva er et julemøte uten risengrynsgraut.
Og grauten var kjempegod.
Så var det Vis og fortell
Og jammen har vi mange produktive damer i laget vårt.
Resultatet frå AnnAKa sitt kurs på Vestlandstreffet i Florø
Dette er absolutt lappeteknikk. Slik har arbeidsbuksa fått nokre år lenger levetid.
Gjenbruk. Flott måte å bruke eit gammalt broderi på
Ein annan måte å bruke Lemoyne Star linjalen på.
Og tilslutt var det loddsalg med mange fine gevinstar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar