Quiltelag i Norge

lørdag 24. mai 2014

Medlemsmøte 29.04.14

 Solveig viste oss ein lettvint måte å sy smykkepung på.

              Den deilige kaffimaten Kjærlaug og Gunnvor laga til falt tydeligvis i smak.
       
   Og så var det Vis og fortell, og som vanlig vart det vist  mykje flott. Nydelige dukar og flotte tepper

                                                    Yndig sommarduk

                                          Flott quilting på Log Cabin teppet
                                                     2 flotte damer




                              Sakseetui som vart sydd ferdig heime etter forrige møte

 Grei måte å bruke dei blokkene som det ikkje var plass til på framstykket som blikkfang på bakstykkett
                            Nærbilder av nokre av dei nydelige blokkene på teppet




                             Og jammen vart det ein ferdig smykkepung i løpet av møtet

tirsdag 8. april 2014

Medlemsmøte 25 mars 2014

 
 Kitty viste oss ein lettvint måte å sy sakseetui på, og det var eindel etui som vart ferdige

 
Ellers så var det mykje fint som vart vist på "Vis og fortell"















mandag 10. mars 2014

MEDLEMSMØTE

Minner om medlemsmøtet 25 mars kl 18.30.
Sjå halvårsplanen.

Sydag

Dette er ikkje arrangert av Førde Quiltelag, men det vert lagt inn her fordi det vart diskutert  om vi ville ha ein sydag på siste medlemsmøte.
Vi valde å utsette det til hausten, men denne sydagen er for alle.

Sydag
Onsdag 19/3. Heile dagen
Har du lyst til å sy ilag med andre "sydamer"?
Denne dagen har du anledning til det på Trapp Ned i Førde.
Dette er ikkje kurs, berre ein sydag.
Det er ein anledning å komme saman med andre likesinna og både sy, hjelpe kvarandre og å hente inspirasjon.
Du kan komme når det passar og sy så lenge du vil. Vi startar opp når butikken åpnar og avsluttar sånn rundt kl 21.00
Er du på jobb denne dagen, så kan du komme etter arbeidstid.
Alle er hjarteleg velkommen til ein trivelig dag.

Medlemsmøte 25 februar 2014

På medlemsmøtet 25 februar var det godt oppmøte.
Det var svært kjekt at det kom tre nye, og eg håpar at de kjem att på møtene våre

Som vanlig var det Vis og Fortell, og det var mykje fint å sjå både av store og små arbeid. Til og med litt klede vart vist fram.